Feltet ligg lengst ute på neset i eit beiteområde, NV for naustet, på vestsida av eit skogholt med oretre. Feltet er orientert NNV-SSO og har i dag ei utstrekning på kring 60 x 45 m. Opphaveleg omfatta feltet i alt 17 gravhaugar. Tre av desse vart utgravne i 1937, medan resten framleis ligg her. Området har vore overflatedyrka og alle haugane Eva Nissen Fett og Per Fett registrerte i 1942 er såleis ikkje like lette å attkjenna i dag. I fylgje denne registreringa var stoda slik: Lengst SV, på toppen av bakken opp frå sjøen, hadde haug fk. 1/1 lege, men var utgraven i 1937 saman med haug fk. 1/2 og fk. 1/3. Fk. 1/4: Haug ligg 25 m N for 1, 7 m i tverrmål, låg, heilt torvdekt. Fk. 1/5: Langhaug, ligg med sørenden 5 m NO for fk. 1/4, 25 x 5 m NV-SO, spiss i endane, noko høg. Torvdekt, med stygge sår etter innhogg. Fk. 1/6: Tresidig haug ligg 3 m NO for fk. 1/5, med endane mot NO, NV og SSO. Utanfor NO-enden ligg ein stor stein, og høyrer den med, er det 9 m mellom alle endar, innsvinga sider. Haugen er låg, torvdekt, men det stikk fram stein og i midten er eit søkk. Fk. 1/7: Haug, ligg 8 m NO for sørenden på fk. 1/5, firkanta 2 3/4 x 2 1/2 m, heilt låg og med store steinar i hjørna, elles bygd av småstein med litt jord over. Fk. 1/8: Tresidig haug? ligg 3 m O for fk. 1/7, med tre store steinar i trekant 2 m frå kvar andre og mogleg ei lita høgning med innsvinga sider i mellom. Fk. 1/9: Røys ligg inntil ein stor jordfast stein 3 m N for fk. 1/8, 4-6 m i tverrmål, utan torv. Fk. 1/10: Langhaug, ligg 2 m N for fk. 1/9, 10 x 2 m N-S, noko smalare i sørenden. Høg, torvdekt, søkk i midten. Fk. 1/11: Røys, ligg 1 m NNV for fk. 1/10, 5 m i tverrmål, bygd av småstein med tynt torvdekke, stygt skadd. Fk. 1/12: Røys, uviss, ligg 8 m N for fk. 1/11, firkanta, 5 x 2 m O-V, av småstein med ein og annan større, flat med bakken og lett torvdekt. Fk. 1/13: Røys, ligg 2 m VSV for fk. 1/12, 12 m i tverrmål, 2 m høg, bygd av jordblanda stein med torvdekke. Det er stygge sår etter utkasting og ei jarnøks herfrå skal vere sendt til Bergens Museum. Fk. 1/14: Langhaug, ligg 3 m S for fk. 1/13, 12 x 4 m NV-SO, noko høg, avrunda i endane, torvdekt. Fk. 1/15: Røys, ligg kant i kant med fk. 1/14 på vestsida, bygd i 3 m tverrmål av småstein utan nemnande torvdekke. Fk. 1/16: Steinlegging, låg på den andre sida av fk. 1/14 og var lita. Fk. 1/17: Langhaug, no berre austre helvt att, han var 18 x 6 m O-V, høg. Frå J. Aksdal, 2004: Feltet som eit heile ligg der i mykje god stand, dei innhogga som er gjort i haugane, må sjåast som ein del av historien til feltet. Haug nummer 13 er likevel mykje skadd etter uttak av sand. Krateret er her så djupt at haugen står i fare for å kollapse. Ein må difor vurdera om ein skal fylla i haugen for å kunne verna kulturminnet. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Tilstanden var mykje lik den som skildra av J. Aksdal. Alle minna vart målt inn med GPS utanom fk. 1/7-8, som ikkje vart attfunne. Også områda der fk. 1/1-3 hadde lege vart målt inn.