Frå Per Fett: "Staden er først skildra av Skonvig 1626, med teikning. Sagen var her i 1820. I 1824 var Christie to gonger og i 1832 ein gong på staden, andre gongen for å skildre fornminna og gjere ei kartskisse. Skissa er ikkje grannsam, og det kan vere difor at Neumann, som tidlegare hadde vore med Christie, kom att i 1838 og let den vanlege reisefellen sin Stuwitz forfatte ei grannsam skildring med ei laus skisse til hjelp. Desse finst berre i kladd og det har vore vanskeleg å rekonstruere eit kart i dag berre ut frå dette, det blir på sine stader ratt store avvik frå det faktiske lendet, liksom det kan vere grove avvik mellom skisse og skildring. Lund teikna på staden i 1859, men teikningane er ikkje attfunne. Nicolaysen kom hit i 1867, Lorange i 1881 og Bendixen gjorde opp status i 1894. Sheteligs kroki av sjølve neset, VJG fig. 406, er frå 1905, og etter dette vart det gjort modell for Bergens Museum. Ingen av dei siste har visst om Stuwitzmaterialet. Kroki frå 1964 i arkivet prøver å sameine alle opplysningar med lendet, representert ved eit flyfoto." I dag er det berre att nokre få av alle dei gravminna som ein gang låg på Larsstø. Desse er (etter Aksdal, 2004): Fk. 1/2: Trekantrøys, ligg rett nord for bautasteinen oppå det flate Larstøneset. Røysa er svakt markert i bakken, men me kan skimta røysa med kunnskap om kor den er. Oddane peikar mot NNA, SV og SA. Sidene er 10 m lange og noko innboga. Steinringen Fett nemner skal væra på den nordvestre sida. Den er ikkje råd å sjå i dag, og er truleg overgrodd med torv (NB: denne vart attfunne i samband med kontrollen av gravfeltet i 2005). Fk 1/3: Bautastein og steinsetting. Bautasteiner vel 5,25 m høg, 0,7 m brei og 0,3 m tjukk. Rundt steinen er det ei steinsetting som er ca. 10 m i tverrmål. Steinen står ikkje i sentrum av denne. Steinsettinga var heller ikkje klart synleg rundt bautasteinen, men ligg under torv og lyng som i dag har vakse over steinane. Steinkretsen tangerer slik kanten på trekantrøysa, fk. 1/2. Fk. 1/4: Fett skriv: "Røys (Stuwitz nr. 25), berre hos Stuwitz, som er i tvil. I tilfelle låg ho tett NO for fk. 1/5 og var 42 skr. i rm. (8 m i tvm.), men den svære jordfaste steinen som låg i midten, må vere sprengd for lenge sidan. I dag er ikkje noko å sjå her, men sml. røys fk. 1/6." NB: I samband med kontrollen av gravfeltet i 2005 vart det påvist ei overgrodd og låg røys N for fk. 1/5 og heilt oppe mot gjerdet til naboeigedomen. Fk 1/5: Røys, ligg midt på neset ved Larsstø. Ho er vel 25 m i tverrmål og 2,5 m høg. Rundt røysa er det ei fotkjede av store løftestein. I toppen av røysa er det eit gamalt søkk som er omrota i nyare tid. I sentrum av røysa er det ein jordfast stein, som i seinare tid har vore nytta som målepunkt. Røysa er i dag delvis tilgrodd med torv, men fleire stader ligg steinane i dagen. I og rundt røysa er det fjerna ein del kvist og kratt slik at den i dag er godt synleg som det dominerande gravminnet det er og har vore. Fk. 1/6: Røys, ligg i dag som ein rest vel 10 m SV for fk. 1/5. Ho er i dag overvakse med torv og små orrekjerr. Røysa var i fylgje Fett omlag 6,5 m i tverrmål og bygd kring ein jordfast stein. I dag kan me knapt sjå att røysa. Fk 1/8-9: Steinleggingar, i dag ikkje synlege, men folk hugsar kor dei ligg. Dei skal væra overfylt med jord og torv og er difor truleg inntakte. Plasseringa skal væra på nordsida av langhaugen fk. 1/10, lengst A på Larsstøområdet. Fk. 1/10: Langhaug, ligg lengst A på det freda området ved Larsstø. Haugen ligg i dag vel 3 m V for vegen mellom Larstøvik og Sæbø. Vegen inn til Larsstøneset ligg parallellt med haugen 3-4 m N for denne. Haugen er vel 22 m lang og 7 m på det breiaste. I dag sterkt skadd av masseuttak. Dei største skadane ser ut til å væra påført alt i gamal tid. Fett nemner på grunnlag av Neumann at haugen alt var skadd før 1838, men nyare skader er og påvist. Langhaugen si opprinnelege form har vore markert med valma kortsider. I kvart av hjørnene stod det ein oppreist stein. I dag står det berre ein att på den opprinnelege staden. To av steinane ligg like ved, medan ein no er borte. Fk. 1/12: Steinsetting etter bautastein, låg omlag 20 m SSA for det sørvestre hjørna på langhaugen, fk. 1/10. Bautasteinen er i dag fjerna, og skal liggja i ein løemur på ein av Sjogardane. Steinsettinga ligg framleis i området. Området er i dag ikkje brukt og er såleis overvakse med klungerkratt og grastorv. Stein kan likevel sjåast i bakken på staden Fett viser til.