Lokaliteten ligg lengst framme på det lett hallande bergneset før det går bratt ned mot sjøen i VSV. Lengst i SV, før stupbratta tek til, ligg ei lita grasvaksen, noko lågareliggjande terrasseflate. Her vart det i prøvestikk funne ei flintflekke og eit flintavslag. Rett NO for denne terrasseflata ligg ei knapt 5 x 5 m vid blokk. NO for denne blokka ligg ei anna lita grasvaksen terrasseflate, der det også vart funne flintavslag i prøvestikk. Det funnrikaste området tykkjest derimot å liggja på ein liten grasvaksen, heller flat rygg lengst mot N heilt framme på brattkanten mot elva. Denne ryggen vert i S avgrensa av to store blokker og ein liten dal som går mellom dei to nemnde terrasseflatene og ryggen. Heile vegen mot elva er ryggen utrasa og i denne raskanten ligg det flintavslag heile vegen. Her vart også funne avslag av bergkrystall. Det funnførande området er kring 30 x 20 m, orientert VSV-ONO.
Innberetning ved Ole Jacob Skagen 06.11.1985 vedrørande undersøking av lokaliteten (6,5 kvadratmeter samanhengande undersøkt) B-13844. TopArk. nr. 043876