Røysa fk.nr. 1/1 er 18-19 m i tverrmål og 1,7 m høg. Røysa er dekka av grastorv, nokre steinar stikk i dagen i toppen. Langs røysfoten, unntatt i SO, veks det grantre. Røysa er klart avgrensa. Toppen er svært avflata. I midten er det sett opp ei flaggtstong. Tett N for flaggstonga er det reist ein bautastein som er 2,6 m høg, 0,5 m brei og 0,25 m tjukk.Fk.nr. 1/2 ligg 20 m V for fk.nr. 1/1. Røysa er 12 m i tverrmål og 1 m høg. Ho er dekka av tynn grastorv og mose. Det veks småbjørk og grantre rundt heile røysa. I toppen stikk mykje stein i dagen.Ho har eit søkk i sørlegaste sida. Det ligg ei rekkje med steinar ut for røysfoten mot SO.