• 72994-1

    id
    • 72994-1
    datafangstdato
    • 1984-08-22T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T19:49:14Z
    informasjon
    • Samlinga måler kring 55 x 10 m, orientert O-V.Det vestlegaste berget i samlinga måler 16,5 x 6,5 m orientert VNV-OSO. Høgda i SV er om lag 1,4 m. Berget er mykje forvitra og ujamnt og tilvakse med mose og grastorv. Kring 4,5 m VNV for søraustre kant av berget er det ei om lag 3 m lang sprekke orientert N-S. På berget er det 4 sikre groper: 3 av dei ligg innan eit område på 1 x 0,2 m, orientert N-S, om lag 1 m innfor (VNV for) vestre kant av sprekka. Den fjerde gropa ligg på austre side av sprekka, lengst sør på berget, om lag 10 cm inn frå kanten. Gropene er 3-5 cm i tverrmål og 0,5-1,5 cm djupe.Om lag 4 m N for søre kant av det vestlegaste gropeberget ligg eit nytt berg som strekkjer seg om lag 8 m mot O. Dette berget tek til om lag der det første fell av mot SSO. Berget er om lag 4 m breitt i V og om lag 1 m breitt i O. Det er mykje forvitra og tilvakse med grastorv og mose. Høgda er om lag 0,75-0,5 m målt i S. Her er 4 sikre groper: 2 ligg heilt SO på berget med 10 cm mellomrom, om lag 5 cm inn frå kanten. 2 ligg N på berget, om lag 80 cm inn frå (V for) austre kant. Gropene er 5-7 cm i tverrmål og 1-2 cm djupe.Det tredje gropeberget ligg om lag 22 m ONO for austre spissen av det føregåande. Det er open grasmark mellom desse to berga. Berget måler kring 11 x 3 m orientert N-S. Berget stikk så vidt over grasmarka ikring. NO på berget er det 6 groper på line O-V. Gropene er 3-5 cm i tverrmål og 1-1,5 cm djupe.Om lag 3 m O for det tredje gropeberget ligg det austlegaste gropeberget i samlinga. Dette berget måler 7,0 x 2,5 m, orientert VNV-OSO. Høgda er om lag 0,25 m i SV. Berget er mykje forvitra og ujamnt. Her er 22 sikre groper innan eit 2 x 2 m vidt område, kring 1 m inn frå (OSO for) vestre kant. Gropene er frå 2-10 cm i tverrmål og frå 0,5-5,5 cm djupe.
    kommune
    • 4644
    kulturminneId
    • 72994-1
    lokalId
    • 72994-1
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2026-03-30T08:38:00Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217