Gropeberget Fetts fk.nr. N 10 ligg tett NO for selet til Per Prestegård. Her er eit kring 7 x 7 m vidt sva som hallar lett mot N. På den austre delen av berget, 3 m ONO for det nordaustre hjørnet på selet, ligg ei samling med 16 groper innan eit 1,1 x 1,1 m vidt område. Gropene er 0,5-2,5 cm i tvm. og 0,5-2 cm djupt. Kring 1 m VSV for denne konsentrasjonen ligg det 2 groper for seg sjølv med 8 cm avstand. Under trappa som fører inn i selet til Per Prestegård, stikk ein del av det helleforma berget fram i ei breidde av 20 cm mot SV. 10 cm inn for kanten er det her ei grop som er 4,5 cm i tvm. og 2 cm djup.Gropesteinen Fetts fk.nr. N 11 ligg 25 m O for selet til Per Prestegård, i bakken på den andre sida av bekken. Steinen ligg 12 m VSV for det nordvestre hjørnet på det lange selet som ligg lengst O på stølsvollen. Steinen er kring 1,0 x 0,8 m vid og hallar ein god del mot S. Overflata er svært knudret med kvartsklumpar isprengde over det heile. Her er 4 groper i øvre kant, 2,5-5 cm i tvm. og 0,5-2 cm djupe.Gropeberget Fetts fk.nr. N 12 ligg 30 m SO for selet til Per Prestegård, på andre sida av bekken. Her er eit heller flatt sva som endar i ein bratt vegg mot VSV. Lengst ute, der svaet får ei trekanta form mot VSV, ligg det 3 sikre groper innan eit 40 x 40 cm vidt område. Desse er 3-6 cm i tvm. og 1-2,5 cm djupe. Mogleg er her ei fjerde grop.