Hustufta ligg på ein smal terrasse. Terrassen er 46 m lang og 8 m breid, orientert nordaust-sørvest og ligg som eit kunstig hakk i det naturleg skråande lendet. Han er tydeleg menneskeskapt, ved graving på oppsida og fylling på nedsida. Tufta tykkjest fylla det meste av terrassen. Ho er i seg sjølv lite synleg, men tykkjest ha rektangulær form. Langs terrassekanten, ytst ute, er det stein under overflata, etter alt å dømme restar av den søraustre langveggen. Parallelt med denne, på oppsida, ligg det inn mot bakken ein lang, låg, lite tydeleg voll av jord og stein som synest vera andre langveggen. Ved sørvestre ende ligg ei langstrekt steindyngje på tvers av lengderetningen. Dette kan vera en stuttvegg. Som lia elles er også terrassen graskledd. Under torva er det ca. 20 cm åkerjord. Under dette ligg to kolholdige skikt. I det nedste av desse, kring 30 cm under overflata, er det eindel brend stein. Laget må tolkast som eit kulturlag, venteleg golvet i tufta. I området elles fleire steindyngjer og stuttare og lengre stubbar med gamle, låge steingardar.