Røysa er om lag 15 m i tverrmål, og om lag 1 m høg, målt i V. Røysa er mest heilt dekt med grastorv, berre einskilde blokker syner i dagen. Desse er 0,3-1,1 m store. I nordre del av røysa er eit 2 m vidt og heilt grunt søkk. Søkket er no tilgrodd med grastorv. Røysa er avskava i SO. Nokre få klungerbusker veks attmed kantane. Røysa er klårt markert og godt synleg i lendet.