Røysa er om lag 13 m i tverrmål og 1,75 m høg, målt i V. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,1-0,8 m store. Steinane ligg i dagen, tilvaksne med noko mose. Einskilde stader, særleg i O, er røysa dekt med eit tynt torvlag. Det er mykje innpåkasta stein i O. Røysa er tilvaksen med mange store lauvtre. Ho er klårt markert og godt synleg i lendet.