• 776

    id
    • 776
    datafangstdato
    • 1985-06-13T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T18:46:20Z
    informasjon
    • Den følgjande skildringa er henta frå Per Fett: Førhistoriske minne på sunnmøre, Haram prestegjeld. Går ein frå bøen på Røynstad utover, fører stigen fram om fjellstykket Nosa. Her er det på sine stader alt anna enn lettgjengt, ja sume stader er det berre så vidt ein kjem fram. Ein går framom fleire hellerar, som biskop Neumann skreiv om i 1. årgang av Urda og 6. årgang av Budstikken, Reusch i 1. årgang av men berre ein heller hadde merke etter busetjing. Lorange gjennomgrov denne Storhelleren, eller Røynstadhelleren som han no gjerne vert kalla, og fann ein eldstad 'foran en paa Kant stillet Helle ei 40 m inn frå opninga'. Ved eldstaden låg ein beinkam og matrestar. Meir var ikkje å finne. Helleren er 243 fot lang. Stroket frå Nosa nordover heiter Store Rået. Nokre hundre meter utanfor helleren vider forlandet seg ut, og her heiter det Færvollane. Utover frå helleren ligg det om kvar andre små eller større åkerlappar, gamle steingardar og opp imot 150 gravrøyser. FORNMINNESKILDRING Åkerlappane er så å seie steinfrie, og har gjerde kringom. Steingardar går elles mange stader der det er vanskeleg å finne nokre meining med dei; dei er låge og ofte nedfalne, og går i underlege krokar. eit par stader ser det ut som dei avgrensar geilar. Røysane er bygde av fjørestein, som det her er utruleg rikeleg av. Helvta, gruppe 1, ligg samla nørdst på Færvollane, på desse gror det ein sers tynn, sjølvgrodd torv. Dei er små og låge, sjeldan over 4 m i tvm. og aldri over 0,5 m høge. fleire er noko avlange Jordfaste steinar er det i mange. Røysane ligg ofte i rader. Det har vorte rota i nokre få. 7. Langrøys, 10x7 m N-S 24.Langrøys, 7x4 m N-S 27.Langrøys, 8x3 m NV-SO 46.Steinlagd ring, ytre tvm. 10 m, indre 8 m. ei 2 m høg steinblokk står i sjølve ringen. 51.Langrøys, 8x3 m NNO-SSV Litt nærare sjøen ligg to røysr til, gruppe II. Gruppe III er ei lita samla gruppe tørre røysar kring ei stor sentralrøys (nr. 77, utkasta i toppen - eller kraterrlys?) på 11 m tvm, 1,5 m høgd, som går jamt over i to låge ryggar mot SV, dvs. mot sjøen. Heile røysa vert såleis 25 m lang. I 30-50 m breidd går ein steinmel (steinrygg) langs stranda; der veks ikkje eit grønt strå. Her ved gruppe III ser det ut til å vere rudt undan stein eller bore på mold, slik at ein tunge av melen stikk fram mot dei to ryggane fra sentralrøysa, med torvgrodde vikar på begge sider. Tunga er like brei som røysa. Lina midt gjennom tunga og røysa går vidare beint på eit skard i fjellet bak. Røysene kringom er låge, 4-5 m i tmv, berre nr 78 er i m høg, og frå den går ein 10 m lang, låg steinrygg mot SV. Nr. 79 er ein 20 m lang, låg steinrygg, litt krum, NO-SV. Gruppe IV er to røyser på 5 m tvm., den eine med søkk i toppen, den andre, nr 87, med opne kiste på 100x60 cm, gjort som utsparing i røysa, orientert N-S. Gruppe V er ei sneis røyser, nokså ulike i form og storleik. den største, nr 109, er 6 m i tvm. og 1 m høg. Elles er dei heilt ned til 1,5 og 1 m i tvm. og låge. Nr. 93 er vinkelbøyd. 100. Langrøys, 5x1 m O-V. 105 Langrøys 12x2 m N-S 108. Langrøys 6x3 m NO-SV. Gruppe VI. Tett ovanfor gruppe V ligg ei rad røyser langs ein bakkekant, men og lengre bak. Ni røyser er 6-11 m i tvm. og 0,5-1,5 m høge, tørre eller med tynn sjølvgrodd torv på. to er langrøyser, resten er smått. 110. Langrøys, 22x5 mNV-SO, men nogleg eigentleg fire runde, tørre røysar, å døme etter korleis den tynne torva gror. 118. Langrøys, 10x3 m NV-SO, 0,5 m høg, tørr. Gruppe VII. 133. Steinvoll litt krum, 10 m lang N-S, 2 m brei, 0,5 m høg. 135. Røys, 10 m tvm, 1 m høg, tørr. Gruppe VIII. Dette er nolre røyser som for det meste ligg på ein veldig steinvoll. Både røysane og vollen er heilt tørre, så røysane teikner seg ikkje særs tydeleg ut før ein kjem nær innpå. 137. Røys nedanfor vollen, 9 m tvm. 138. Langrøys på vollen, snaut 0,5 m høg, 14x4 m VNV-OSO. Fotkjede (=Ring av enkeltsteinar som markerer ytterkanten av ei røys). På midten open mannslang kiste av fjørestein. 139. Røys, 12 m tvm, 0,75 m høg, fotkjede. Utkasta stein. 140. Røys, 6 m tvm., utkasta. open, men øydelagt kiste av fjørestein. 141. røys, 10 m tvm., 0,75 m høg, fotkjede. Mannslang kiste av store fjøresteinar, dekt med to heller, ein tredje ligg ved sida, botnen er berre røys. 142. Røys, 10 m tvm., 0,75 m høg, fotkjede. Utkasta og viser resat etter ei kiste som dei andre. 143-144. Mindre røysar på vollen, mogleg merke etter kiste i 143. 145. Røys på ein utlaupar av steinvollen, snaut 100 m frå dei andre, 12 m tvm., 1 m høg med djupt søkk i toppen etter utkasting. 146. Dette er ei litt utkasta tørr røys med kiste i ei større åker inngjerding ned under hellaren.
    kommune
    • 1580
    kulturminneId
    • 25899
    lokalId
    • 776
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217