Jordblanda rundhaug. I NNV og NO bra markert, i S går han delvis i eitt med det skrånande terrenget. Stein sikk fram over alt i haugen. I S og SV er haugen noko omrota p.g.a. uttak av sand til grusveg, også rota i toppen. Stor fure i V-del av haugen. Diameter: 12 m, høgde: 1,5 m frå O.I dette området låg opphaveleg fem haugar. Fire av desse er fjerna. To haugar låg oppe på kanten av terrasseflata. Dei to andre låg i skråninga rett N for den registrerte haugen, men restane av dei er no dekka av rydningsrøys. Berre sørlegaste skalken av haugen Fetts fk. nr. 1/2 er framleis synleg.