Haugen er mykje skadd og det er vanskeleg å fylge kanten på han i NO då det her ligg ein jordvoll i framhald av haugen. Bygdevegen har like eins skore av nordvestlegaste delen av haugen. Tverrmålet kan ha vore kring 15 m. Haugen er i dag 1,5 m høg. Den austre halvdelen av haugen er noko utkasta. Langs utkastet ligg det tett med 10-40 cm store steinar/blokker som syner at haugen eigentleg er ei røys.Langs den avskorne delen ved bygdvegen stikk det like eins 20-60 cm store steinar/blokker ut i kanten. Haugen er elles dekt av grastorv. På austsida av haugen er det slåttemark og rett S for haugen står eit skur.