Beskrivelse fra lokalitet:
På en stor overflate, ca. 5m fra stien. Knauser i N og S, åpent i Ø og V. Stor, regelmessig flat overflate. Et prøvestikk ga noe skjørbrent stein og tre stykker flint. Sand og grusjord.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok.14 ligg ca. 70 m nordvest for ID134323 (lok.12), i det som ei gong var ei lita bukt. Plangrensa i nordvest går gjennom søraustre del av lokaliteten, og skogsløypa går på vestsida av bukta. Lokaliteten vart ikkje avgrensa med prøvestikk, men utifrå terrenget og hellinga reknar ein med at den er på ca. 29x21 m (ca. 465 m²). Terrenget skrånar svakt ned mot nord-nordaust, flatar ut i sør-sørvest, medan det er berg i aust og vest. Området er no ei snau hogstflate. Jordmassane er sand og grus. Det vart berre teke 2 prøvestikk her, noko som resulterte i funn av 15 avslag av flint. Funna vart gjort frå 20-70 cm, altså frå rett under torva til godt nedi gruslaget. Høgda over havet er ca. 60-65 m, noko som tilseier ei datering til ca. 63-6500 f. Kr., seinmesolitikum, eldste del av Nøstvetfasen. Lokaliteten er tidlegare registrert som ID80167 (gass 13-186).