Tuft A ligg 5-6 m frå noverande strandkant mot SØ. Tufta er markert med ein svak jordvoll med litt stein i. I framkant, mot vatnet, ligg større steinar, nokre av dei er jordfaste. Elles mest lyfte- og veltestore steinar. Tufta har truleg vore rektangulær, men har ikkje markerte hjørner. Det er kratt omkring, men berre mose inni tufta, med fjell under. Lengde og breidde er omlag lik. Tufta er vanskeleg å måle, men ein kan seia ca. 4,5 m mellom midt i vollen på begge sider. I sentum av tufta syner etter eldstad på det flate berget, "golvet". Utanfor, mot vasskanten, syner også etter varme på fjellet. Tuft B ligg 10-12 m V for tuft A, målt frå sentrum til sentrum. Tufta ligg i eit lite søkk som har utfall mot vasskanten både mot S og N. Nærast rektangulær form. I vestre kant ser det ut til at ein låg bergvegg har vore nytta til sidevegg. Mål frå bergveggen til midt i austre voll ca. 5,2 m. Frå midt i nørdre til midt i søre voll, som truleg har hatt inngang, er det ca 4,5m. I nørdre og søre kant er det mindre jord enn i austre voll, som er ca. 170 cm breid. Frå sentrum er det mot nord 5-6 m til noverande vasskant, mot sør er det 10-12m. C: Det kan leggjast til at 10-12 m aust for tuft A ligg ein steinblokk med framspring som lagar ein liten heller mot sør. Det er flatvore, truleg utjamna, på sørsida. Litt stein i flata. 4-5 m frå strandkant.
Var også lagt inn som ID 78428