Bautasteinen, som vert kalla Tveithella, er 3,7 m høg, 1,4 m brei ved bakken, men noko avsmalnande mot toppen og jamtover kring 30 cm tjukk. Rett under toppen på den breisida som vender nedover mot vegen er det hogge inn: 1878 REIST. PÅNY. Under denne innskrifta er det vidare hogge inn 3 namn. Det var res.kap. Unger som fekk reist hella i 1878 med innskrifta og namnet på dei tre siste prestane. Segna gjekk den gong at hella hadde stått tidlegare og dersom dette er rett, er det grunn til å rekna med at hella verkeleg er ein bautastein.