• 83816

    id
    • 83816
    datafangstdato
    • 1995-07-20T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2022-09-14T10:08:31Z
    informasjon
    • Lokalitetsavgrensing er basert på de arkeologiske undersøkingane, kyrkjegardsmuren og eldre kart. Vi har nytta kart frå Aurlandsvangen i 1864, jordskiftesak gnr. 12, kartnummer 1450-1961 ( 1961 er feil, det skal vere 1864). På kartet kan vi sjå delar av kyrkjegarden i sør, vest og nord. Det ser ut til at eigedomsgrensene i nord samsvarer med situasjonen i dag. Basert på desse grensane og bygningane på kartet så har vi definert ein grense på mellomalderkyrkjegarden i nord som vi meiner kan stemme. Ved to undersøkingar på staden (24.04 og 10.-11.08.2022) blei det registrert sju graver totalt. Gravene har ein plassering på kyrkjegarden som viser avvik frå den moderne drifta. 83816-3 er eit kranium med god kontekst i ei grav som vart funne i april. Dette funnet vart gjort utan arkeolog til stades, men Lars Jølle Berge var raskt på staden og gav stoppordre i påvente av dateringsresultat. Det var då grave 65 cm ned, som også er botn av grava. Med det kunne den allereie eksponerte profilveggen dokumenterast. I august var Berge tilbake saman med Isabel Furesund Berge for å overvake det resterande gravearbeidet. Langs kortsida, aust for koret vart det grøfta tett inn mot kyrkjeveggen. Seks graver vart avdekka i flate, samt ein trekolhaldig struktur. Det opprettast ikkje enkeltminner for desse strukturane, men dei inngår i enkeltminne 83816-2. Langs sørveggen av kyrkja er det funne fleire steinheller som truleg har hatt ein drenerande effekt. Sjakt 2 er graven frå nordaustleg hjørne av kyrkja, langs austveggen, langs mot koret. I sjakta vart det funne ein trekolhaldig struktur og seks graver. Ein vassleidning går parallelt med sjakta langs austleg profilkant. Sjakta er grave med ein djupne på 40-45 cm. Undergrunnsmassane er ein fin, porøs og ljos sand. Sidan det er så mange strukturar i denne sjakta, er denne sanden berre unntaksvis synleg. Massane mellom torva og undergrunnen består av jordhaldig sand med nokre nevestor stein innimellom. Det er store mengder beinmateriale i desse massane, samt i toppen av dei fleste strukturane. Breidda på sjakta er om lag 70 cm. Den trekolhaldige strukturen har datering til romartid og skiljer seg klart frå gravfeltet.
    kommune
    • 4641
    kulturminneId
    • 83816
    lokalId
    • 83816
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Riksantikvaren, Hovedkontor
    versjonId
    • 20210217