Holtålen/Haltdalen stavkyrkje har sidan 1937 stått på Sverresborg, hjå Trøndelag Folkemuseum. Kyrkja er lita og består av eit rektangulært skip i vest og eit lågare rektangulært kor i aust. Haltdalen er ei kyrkje i si klåraste og enklaste form, med veggsvillar på steinfundament, fire hjørnestavar som ber stavlegjene i skipet, og mellom svillane og legjene står dei vertikale veggplankane. Kyrkja har vore flytt ei rekkje gonger. Då den nye kyrkja i Haltdalen stod ferdig i 1881, vart den attverande delane av den gamle stavkyrkja kjøpt av Fortidsminneforeningen. Dei unike kuleforma basane til hjørnestavane skil seg frå andre stavkyrkjer. Dendrokronologiske undersøkingar viser at delar av virket er hogd ein gong etter 1159. I 2015 vart kyrkja sett i stand gjennom Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram.