Langkyrkje i stavkonstruksjon bygd omlag 1300, med takryttar over den vestre delen av skipet. Kyrkja har skorder og er datert til perioden mellom 1300 og 1537, medan interiøret er heilt ut prega av 1600-talet. I 1633 vart det gamle koret i stavkonstruksjon rive og eit nytt tømra med lik breidde som skipet. Samstundes vart det bygd til eit dåpsrom i vest, der ein nytta det meste av material frå det gamle koret. I tida før 1689 vart det bygd til eit sakristi i tømmer. Våpenhuset vart reist i 1661-63. I 1648 og 1810 vart takryttaren fornya. Mellom skip og kor står eit korskille med tralverk på begge sider av en inngang der det tidligare stod dører. Kvernes stavkyrkje høyrer saman med Grip og Rødven til gruppa med stavkyrkjer som vert kalla møretypen. Dette med grunn i særeigne løysingar i stavkonstruksjonen som har likskap til grindebygg. Kyrkja nyttast ved særskilde høve.