Einskipa stavkyrkje av «Møretypen», kjenneteikna ved at kyrkja har mellomstavar i ytterveggane og tverrgåande bjelkar som bind stavlegjene saman. Det noverande koret erstatta eit eldre kor om lag rundt 1600. Skipet har portalar mot nord, sør og vest og i koret mot sør. Nordportalen har detaljar som daterast til 1100-talet, medan sørportalen er fra om lag 1300. Dei utvendige skordene er truleg sett opp etter at svalgangane vart fjerna noko før 1600. Gjennom Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram vart takryttaren på kyrkja sett i stand. Eldste omtale av kirken er i 1547 (Reuen kyrke, DN XXI:915).