• 86676-2

    id
    • 86676-2
    datafangstdato
    • 2020-10-20T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2020-10-20T11:13:09Z
    informasjon
    • Loftet er datert til 1637-38 ved dendrokronologisk datering. Byggjeår trolig 1638. Svillane i underbunaden er datert til 1630 (vestre langsvill) og 1631/32 (austre langsvill). Dette er soleis ei tidleg grime. Loftet har påmåla initialane til Klas Halvorsson og Bergit Hansdotter med årstalet 1837. Tverrsvilla i fronten av loftet som utvendig er påmåla 1837 er datert til 1802/3 i følge prøvetakinga. Det er soleis naturleg å tru at det eldste loftet vart noko ombygd og samanbygd i samband med oppføring av det austre loftet i 1803. Bygningane fekk då kinavipp og samanbygde tak. Vekselpanelen i svalgangen på det eldste loftet er nok frå dette byggjetrinnet. Loftet er haldsteinsfindamentert på ni punkt med trapesforma svillar, rektangulære klauver med konkav innsnevring mot toppen og breide flak med konkav profil inn mot ryggen på oversida og flathogne under. Golvet i fyrste høgda er truleg eit eldre attbruksgolv frå mellomalder. Golvet er sprettetægd på undersida og har fleire spor i seg som peikar mot tidelegare bruk. Dette golvet lot seg ikkje datere, men er truleg av høgare alder. Laftetømmeret er rundt og held i stor grad naturleg form og er lite bearbeidd. Synleg bast fleire stader. Lafteskallane er ganske kraftig avsmala ut frå laftet og forma ovale. Denne forma kallast spissoval i følge Arne Berg sine typologiske oversiktar av lafteskallar/novhovud og går i hovudsak ut av bruk etter 1650. I fyrste høgda er det spor etter bjønnelås i veggtømmeret vest for døra inn til bursrommet. Bjønnelåsen reknast ofte som eit mellomaldertrekk og vart seinare avløyst av smidde låsar. På samme veggen som bjønnelåsen er det også smurt tjørukrossar over døra. Loftet har ikkje svalgangar på sidene og bak, men er utkraga med omlag ei veggtjukne i andre høgda. Denne utkraginga vert også følgt i svalgangen framme. Det ser ut til å ha vore ei ombygging i 1802-3 der fronten er omgjort til slik han er i dag. Det er soleis vanskeleg å seie korleis fronten på loftet har vore opphavleg. Det kan tenkast at måling av fronten med kvit/svart kvadersteinsillusjon på hjørna og ruterdekor på dei midtre stolpane vart utført i 1837 i og med at det er signert med måling i samme fargar. Innvendig raust og bordtak med overliggarar til høgre i bilete før takomlegging. Innvendig er det tre store òkar som er grada inn i kvart raust for avstiving. Det er også tømra raust i fronten/svalen. Elles er det åstak med ståande bordtak over. Tettlagde underliggarar med overliggarar over sprekkane. Taket har også fått tilleggsåsar stikksperrer og ringtro i samband med ombygging til kinavipp og nyare utforming og samanbygging med naboloftet i 1803.
    kommune
    • 4020
    kulturminneId
    • 86676-2
    lokalId
    • 86676-2
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-09-18T13:32:30Z
    opphav
    • Telemark fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217