Loft som truleg er frå mellomalderen. Loftet har eit lafta rom i kvar høgd der lafteverket er på det næraste intakt, men novarmane som ber svalgangane oppe er dels fjerna og dels innkorta. Det er utbuka beitskier i begge høgdene. Noverande svalgangar er nyare. Loftet sto opphaveleg på bakken, vart seinare sett på underbunad med sviller, klauver og flak, men sviller og klauver er no erstatta av haldsteinar. Taket er tekt med never og torv