Tunet på Tvitekkja ligg sørvendt i Austbøgrend. Sør i tunet ligg loft og bur med bustadhuset midt i mot på nordsida. Ein litt nyare løebygning ligg aust i tunet. Eit tømra uthus vest i tunet tener no som garasje. Ein heilt ny garasje ligg endå lenger vest i tunet. Loft og bur har mellomalderstatus, men buret er temmeleg sikkert frå etter 1537. Bustadhuset er påbygd mot aust. Eldste del i 1. høgd har ovalt lafteverk og det har hatt 3-romsplan. Ein vulstprofil på tømmeret kan tyda på at denne delen er frå seint på 1600-talet eller tidleg på 1700-talet.