• 87060-1

    id
    • 87060-1
    datafangstdato
    • 1996-09-26T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:02:11Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Garden Sørestad har 5 hovudbruk. Fram til 1870 låg alle samla i ei stor klynge, men klyngetunet vart oppløyst gjennom jordskifte. De einskilde bruka på garden vart likevel liggjande ganske tett inntil kvarandre etter jordskiftet. Ein fjellknaus som skjermar for dalatrekken er sannsynleg årsak til dette. På dei einskilde gardsbruka er dei fleste bygningane frå etter jordskiftet erstatta med nye bygningar. Våningshuset på bnr. 2 og det freda eldhuset er dei som har mest alderdomeleg preg. Beskrivelse fra Enkeltminne: Huset vart attreist som eldhus ved jordskiftet kring 1870. Før dette var det loftsrommet i eit 2-høgda loft som i tillegg hadde kjellar. Noko av lafteverket i bursrommet vart nytta til det nye stovehuset på bruket. Til eldhuset nytta dei dei fleste stokkane frå loftsrommet og nokre av stokkane i bursrommet, m.a. stokkane som syner spor av bjelkelaget mellom bur og loft. Eventuelle svalgangar i loftet i 1870 er det ikkje spor etter. Ved attreisinga vart tømmeret nytta til eit eldhus. Inngangen er i austre gavlen der beitskiene og dørbladet er gamle, men begge er snudd inn-ut. Dør og beitskier kan ha vore frå bursrommet, ikkje i loftsrommet. Det vart mura opp ein skorstein inntil nordveggen med ein enkel bakaromn mot vest. I 1997 vart eldhuset reparert. 3 syllstokkar og nokre andre laftestokkar vart skifta ut. Taket vart tekt med bølgjeblekk og bordtaket er førebudd for never- og torvtekking. Eldhuset er bygd med findalslaft, dvs at laftehalsen ligg i nedre delen av tverrsnittet på stokkane. Findalslaft har til no vore sett som eit sikkert teikn på at lafteverket er frå før 1350. Difor ert årringsdateringa til 1573 svært overraskande.
    kommune
    • 1134
    kulturminneId
    • 87060-1
    lokalId
    • 87060-1
    oppdateringsdato
    • 2024-04-25T09:37:04Z
    opphav
    • Rogaland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217