• 87257-1

    id
    • 87257-1
    datafangstdato
    • 1996-09-27T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-02-06T20:03:10Z
    informasjon
    • Stabburet står i ei høgd. Fram til året 1955 var det oppførd i 1 1/ 2 - høgde. Dette året fekk bygninga ei form prega av sval ved båe langveggane og framfor døra i gavlen. Den tida det var overhøgd på stabburet var det ei trapp opp i svala som gjekk langs tømmerveggen. Rommet i første høgda vart kalla stabbur. På andre høgda nytta ein ofte nemninga "staburlofte" lokalt. Nystova er og eit namn knytta til denne bygninga gjennom åra. Den vekslande nemningsbruken kan tyde på ulike funksjonar. " Når ein tok ned overhøgda vart bjelkelaget fjerna. Ein behaldt nyare og smalare stokkar, og fjerna dei grovare stokkane. Veggstokkane er tilhogd i endane med tapping inn i beitskiene. Det er tydeleg at det har vore nytta øks. Opningane til vindauga er ikkje særleg gamle. Ein reknar med at dei eldste opningane er utvida over tid, og at det har fjerna spora etter dei første gluggane. Veggstokkane verkar å vere lite berørt av ombygginga. mellom anna er gamle sperrer over stabburet intakt. At beitskiene (karmar, av å bite seg fast, står på kvar sin side av ei åpning. Skal halde stokkar saman. Ofte rikt dekorerte.) ikkje er profilerte, kan og stø tanken om at desse har vorte skifta ut. Sidan så mykje elles er profilert i huset, er det påfallande at ikkje beitskiene er det. Generelt er det vanskeleg å seie så mykje om den opphavelege forma til stabburet. Men mykje peikar mot at det har stått på ein syllmur eller på novsteinar. På Fram - Saure var det slik at bruksmåten gjorde at det var forrådsrom oppe og sengerom nede, og det skiljer seg frå tradisjonsbruk elles i landet. Oftast var det motsett. Men ein må her skille på sengebud og stabbur. Det er to ulike hus som skal dekke ulike funksjonar." Det var ikkje eldstad i stabburet. Det grovt tilhogde tømmeret tydar på at ein framleis har hatt tilgong på grov furuskog når stabburet vart bygd. Stabburet er dendrokronologisk datert til kort etter år 1618. Sjå "Norske tømmerhus frå mellomalderen, bind 5", s. 297: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010050603032
    kommune
    • 1577
    kulturminneId
    • 87257-1
    lokalId
    • 87257-1
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217