Arkitekt Arne Berg har anslått at stabburet kan vere frå tidsrommet 1500-1550. Bygninga er ei av berre fire ikkje-kyrkjelege mellomalderbygnader i fylket. Berg nemner at stabburet er innbygd og påbygd. Det har medførd at det er høgare, breiare og lengre enn kva det var opphaveleg. Grunnmuren er og høgare enn kva som var tilfellet når det stod kvilande på pilarar. Kring år 1900 bygde ein om stabburet. Stova vart nybygd kring året 1880 etter foto å døme. Nokre gamle stokkar er tydeleg nytta om att. Tidfestinga sine kriterie finn ein helst knytta til døra sin innramming.
"Det er såleis eit rom som er gammalt i det nye huset. Det har vore eit hus med dør i eine gavlen. Truleg med ei lettbygd sval framanfor. Dei gamle syllstokkane (kraftig stokk, nedst i laftevegg) er nytta om att. Veggstokkane har høgt tverrsnitt. Den kvassmaga forma går att også i novhovuda. Novendane er ikkje profilerte. Døra er noko meir forseggjord enn kva som er tilfellet hjå dei andre stabbura i Skjåstaddalen. Dørbladet er kanskje ikkje det opphavelege. Det er av tynne bord og minner om det i stabburet på Raudstad. Dørpartiet viser ikkje merke etter at det har vore snudd ut mot ver og vind. Truleg har den eigentlege ytterdøra vore i svala framanfor.
"Ein finn spor som syner kvar dei gamle sperrene stod. Stavlægene syner dette. I novendane er det heller lite å finne som forteljer om den gamle svala. Truleg har svala hatt ein hjell som hadde full opning mot innstabburet. I den motsette gavlen har det vore ei glugge, eller helst eit lite glas- vindauge midt i sjølve gavlen. Når huset fekk sval på den søre langveggen satte ein inn nye glas både i det inste og ytste stabburet. Den gamle opninga har her vore kvadratisk utforma."
Stabburet var eit forrådshus. Det hadde tre kornbingar før siste verdskrigen. Det var ein såkornbinge og to matkornbingar.
Profileringa kan seiast å høyre til i ein vid tidsbolk. Det kan vere frå tidsrommet høgmellomalder til fram mot rennesansen. Den kvassmaga stokkeforma og novforma kan seie noko om tidsramma. Kom den kvassmaga stokkeforma inn i byggjeskikken i ein seinare del av mellomalderen? Kor lenge var denne stilen på moten? I Telemark (ifølgje Rikard Berge) kan dei kvassmaga ( (tilhogde veggstokkar, flate) utforma veggane ha vore vanleg først på 1600 - talet, men det er noko usikkert.
Sjå "Norske tømmerhus frå mellomalderen, bind 5", s. 302: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010050603032