"Den første årestova vart flytta til ei slette ved bygdevegen mellom åra 1756 - 1760. Årstal innripa i treverket kan tyde på det. Årestova er av eldre dato. Byggtekniske detaljar i form av profilering, novhogg og eldstadsform peikar mot det. Røykstova har hatt ein treromsplan frå før på tidlegare lokalitet, noko som detaljar i bygninga forteljer om. Koven i huset er bygd i huset sin lengderetning. Rommet er laga av bindingsverk med utvendig bordkledning. Det er ikkje grindkonstruksjon i stavkonstruksjon. Noko ein kunne ha forventa. Kanskje har den gamle gangen jamsides koven hatt det."
"Røykomnen i stova må ha vore sett inn etter at ein mura att døra til koven. Før det hadde det ikkje vore plass til ein røykomn der. Ein kan difor slå fast at opphaveleg eldstad må ha vore åre (eld) som var plassert om lag midt på golvet. Ljoren verkar å vere fornya. Åra var vanskeleg å sette opp på ny tuft. Stova er plassert på kjellarmurar i full høgde. Med ny oppsetting fekk stova lagt nytt tak. Det vart då gjort betydelege endringar sett i høve til takkonstruksjon. Detaljar som sekskanta hals og kinning (tilhoggen flate på sida av veggstokken) i underhogget på laftet peikar mot ein byggjeskikk frå mellomalderen."
Det er sannsynleggjort at sein mellomalder er første byggjetid for røykstova ( Gamlestova) i Velsvik. Krossen som er innskore til vern mot vonde vette eller berre til pynt er der også. Stova er plassert på kjellarmurar i full mannshøgd. Kjelde: Arne Berg. Norske tømmerhus frå mellomalder.