Beskrivelse fra lokalitet:
Indre Jåstad er den opphavelege storgarden på Jåstad. Frå denne garden kjem Jåstadstova som idag står på Hardanger folkehøgskule, men då stova vart flytt var garden delt slik at stove og eldhus sto på kvart sitt bruk. Desse 2 bruka og andre bruk ligg relativt tett, men kan ikkje kallast klyngetun. Tunet med eldhus frå mellomalderen består for det meste av nyare bygningar.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Eldhus med eit rom, lafta med findalslaft og dette daterar lafteverket til før 1350. Rommet er såpass lite at det ikkje kan ha vore ei stove og findalslaftet utelukkar at laftestokkane seinare er innkorta til eit mindre rom. Eldhuset har inngangsdør i nordgavlen, vindauge på austveggen og eldhuspall med eldstad og bakaromn inntil sørgavlen. På slutten av 1930-talet var interiøret sterkt skad av brann.