Lokaliteten ligg på ei stor tuvete flate i furuskog, undervegetasjonen består av gras, einer, mose og noko lyng. Det er også nokre lauvtre og småbjørk. Flata ligg om lag 12-13 moh. Under registreringa vart det grave 5 prøvestikk, av desse var 3 funnførande. Det vart hovudsakleg gjort funn av mylonitt, men bergkrystall, flint og rhyolitt er også representert. Av reiskapar vart det funne 2 skraparar, 1 retusjert avslag og 1 bipolart kjernefragment. Prøvestikk 1 var om lag 45 cm djupt. Under 10 cm torv/skogsbotn var det om lag 10 cm med humus med noko sand/silt. Under dette laget følgde eit om lag 10 cm tjukt lag med grå til svart grus/sandlag mede trekol. Lag 2 og 3 var funnførande. I botn var det gulbrun sand og grus (aur). Det var også funn i overgangen til auren. Stratigrafien i ps 1 er representativt for heile lokaliteten. Dei funnførande prøvestikka dekkjer eit areal på om lag 50 kvm, men flata er noko større- om lag 100 kvm. Det reknast som sannsynleg at heile flata er funnførande. Flata er klart topografisk avgrensa i aust av bratt stigande terreng og eit negativt prøvestikk (ps 5), i sør er lokaliteten avgrensa av ein låg rygg som strekk seg frå fjellet og ned mot hytta i ein boge. I vest og nord er lokaliteten avgrensa av eit negativt prøvestikk, samt vegetasjonskifte.