Frå Per Fett: ""Blautesteinsberget" ligg halvhundre meter o. h. 300 m NNV for naustet på den andre sida av elva. Førekomsten synest vere ratt stor, men dei mange merke etter gryteuttak spreider seg ikkje mykje. Ein liten knaus er graven tvers igjennom. Gryteemna har stått med botnen ut før dei vart losna. B 11317. Bilete: Holmboe 1922 fig. s. 382." Hovedbrotet er om lag 12 meter langt i retning aust-vest og ca 4 meter nord-sør. Gryter er hogd ut i fire runde kvelvingar i fjellet. Ved den andre kvelvinga frå vest står det att eit stykke berg ut frå bergveggen slik at her er danna ein om lag 2 meter høg tunnel. Ei rask teljing tyder på at her er spor etter minst 100 gryter i berget i dag, men det samla talet på gryter som er teke ut her skal truleg mangedoblast. Overheng har hindra forvitring av berget og fleire stadar framstår gryteuttaka som ¿ferske¿ med klare spor etter meislane som er nytta. Det ligg eit mindre brot noko lågare nedanfor skråninga som går ut frå hovudbrotet i sør. Nok eit lite brot ligg ved ura nordvest for hovudbrotet. Ellers ligg det spreidt med kleberavfall i ura nedanfor brotet. Både dei to mindre brota og området med kleberavfall er tatt med i vernefana.