Lokaliteten ligg lengst aust ved Hellaugvatnet. Området har i nyare tid vore eit stølsområde for garden Vinja, og er framleis i dag nytta til beite. Gardsanlegget består av to hustufter, 21 røyser, ei åkerrein og ein mogleg rest av nok ei tuft. Ved lokaliteten si sørlege og austlege side går ein steingard som har omkrinsa den gamle innmarka. Steingarden fortset vestover langs Hellaugvatnet bort til eit område med 9 rydningsrøyser. Det er påvist ei røys utanfor muren, denne ligg sør for 90163. Tuft 1 vart utgraven 1929-32. Gjenstandsmateriale frå utgravinga samt tufta si utforming daterer denne til mellomalder. Lokaliteten vart overflateregistrert og nærare undersøkt i 2012. C14-dateringar frå tuft 2, samt frå ei åkerrein vest på lokaliteten gav dateringar frå merovingertid fram til seinmellomalder. Ein kan ikkje utelukke at nokre av rydningsrøysene er yngre, men basert på dokumentert førreformatorisk busetnad og dyrking er røysene tolka til å knytte seg til denne bruken av området.
Det er teke 8 prøvestikk på lokaliteten, 2 i tuft 2, 2 i tilknytning til sjakt i åkerrein, og 1 i ei rydningsrøys. Dei 3 øvrige stikka PS2, PS6 og PS 7 er teke på flata utanom strukturar. Det er påvist trekolhaldige dyrkingslag også i desse stikka. Lokaliteten har fått ny geometri etter undersøkinga i 2012 basert på synlege strukturar på overflata og påviste dyrkingslag i prøvestikk. PS2 ligg like aust for oppmuring som kan vere rest av ei mogleg tuft (90163-3). Lag 2 i PS2 er C14-datert til 810+/-30 BP, kal AD 1170-1270 (Beta-331293). Lag 3 i PS2 er C14-datert til 970+/-30 BP, kal AD 1020-1160 (Beta-331294). Lag 4 i PS2 er C14-datert til 1140+/-30 BP, kal AD 780-790/810-850/850-980 (Beta-332443). Lag 2 i PS7 er C14-datert til 1180+/-30 BP, kal AD 770-900 AD (Beta-331297). Lag 3 i PS7 er C14-datert til 1110+/-30 BP, kal AD 880-990 (Beta-331298).