• 90205

    id
    • 90205
    datafangstdato
    • 1900-01-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-12-27T10:40:07Z
    informasjon
    • Gravflokk nede på strandflata. Fk. 1/1. Langhaug låg 45 m NO for naustet, O for ein bekk som no er overdekt. Av sjølve haugen er no berre nokre steinar synlege, men i kvart hyrne står ein bautastein i ein firkant 9 x 4 m N-S. Den sørvestre er ikkje den originale. Han hadde lege nede, men var i 1825 komen opp i tunet der Neumann såg han og bad om å få han nedsett på plass. Men han ligg framleis på tunet (no på bnr. 2), og den som no står på plassen, er tatt frå haug 5, men låg først ei tid i kaien. Steinen i SO er 1,55 m høg, 45 cm brei og 12 cm tjukk, den i NO har tala 1,70, 45 og 20, den i NV 2,10, 50 og 20, medan den som no står i SV er 2,40 m høg, 60 cm brei og 25 cm tjukk. Den første av desse hallar mot O, den andre mot NV og den i SV mot N. Steinen på tunet er 2,10 m lang, 50 cm brei, 20 cm tjukk. - Haugen var opphavleg oval, 12,5 x 9 m (Ross og Bendixen overeins med Neumann). Fk. 1/2. Haug låg 25 skritt (18 m) N for fk. 1/1, no er berre ein kul att. Han var 10 m i tvm., 1 m høg. Toppen hadde vore avskaven og dei hadde funne kol og oske, truleg i ei hellekiste. Utgraven 1897 (B. E. Bendixen) under høljregn, der vart funne noko smått. Ei helle på 1,50 m låg etter hellekista, ei anna skal vere den som no ligg oppe ved vestre grindstolpe, 1,90 m lang. Fk. 1/3. Haug låg 25 skritt (18 m) O for fk. 1/1, no berre ein kul att. Han var 10 m i tvm. (Ross. Bendixens 4 m må vere feil), 1 m høg. Stein i toppen stakk opp i gjennom grassvorden. Fk. 1/4. Haug ligg 18 m ONO for fk. 1/1, eit par skritt N for fk. 1/3. 7 m i tvm., 1 m høg, stein stakk opp i gjennom grassvorden. Fk. 1/5. Firkanta steinsetting ligg 17 m NNO for fk. 1/4. Ho er 6 x 4 m NNO-SSV, mest flat. Kantane er sette med mellomstore steinar, noko øydelagd av store eiker i nordaustre og sørvestre hyrne. I dei to austre hyrna står avbrotne stumpar av bautasteinar, ein tredje heil bautastein er no flutt til haug 1, men nokon fjerde stein veit ein ikkje om. I midten er eit lite søkk etter utkasting før 1896. Fk. 1/6. Røys låg 5 m N for fk. 1/5, under og N for ein steingard som enno står. Herfrå kjem B 5598. Fk. 1/7-8. Langhaugar? Neumann, Nicolaysen (ved sjølvsyn), Ross og Bendixen nemner to slike, 25 skritt nordvestleg for fk. 1/1, 6 x 2 m O-V. Lorange meiner det er ei grøft med noko høgt oppkasta sider. Fk. 1/9. Ross og Bendixen nemner ein hesteskoforma voll tett ved fk. 1/7-8, mellom fk. 1/2 og stranda. Neumann nemner og spor av ein oval haug lik fk. 1/1 "Oppe paa Sletten, ved Siden af de øvrige Gravhøie", men "alle Stene ere borte". Er dette Loranges "Store Firkant af Sten og Jord" "høiere oppe paa Marken"? Han fekk ikkje sjølv sjå denne, då der var åker. Fk. 1/10. Kiste under flat mark ligg 35 m SO for fk. 1/1, 1,10 x 0,50 m NV-SO, bygd av flate steinar med grusbotn og helledekke. Utgraven 1962 (Per Fett). Der var berre B 11502. Frå kontrollen i 1999: 3 haugar att i eit større felt
    kommune
    • 4611
    kulturminneId
    • 90205
    lokalId
    • 90205
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    versjonId
    • 20210217