Frå Fett: "Horsnes heiter eit nes på bnr. 2 Erik J. Grønstad. Det stikk ut i Stordalsvatnet med bratte sider, oppå er ei flate 3/4 hundre meter i kvar kant med eit lågare og smalare eid innanfor. "Ute på dette neset låg det nokre store steinar før, men dei vart sundsprengde og nytta til brukar under Lurasundsbrua for kring 70 år sidan. Men ei mengd brend stein og kol i moldlaget, som enno er synleg, vitnar om at det har vore bruka sterk eld der ein gong." Den brende steinen er kokstein, det mørke jordlaget finst over ca. 15 x 7-8 m langs kanten på neset i OSO. På garden har dei tolka namnet som samansett med hors, merr, og neset er ein stad der hestane likar å vere. Vinje tolkar det som samansett med horgr. Bilete: Vinje 1955 fig. s.39."