Frå Per Fett: "18. Røys ligg på bnr. 11, vel 40 m V for 17, merkeleg nok ute i ei grunn myr, 5 m frå myrkanten. 7 m i tvm., låg, rund og pen, bygd av jamn, vanleg røysstein. 19. Røys ligg tett S for bygdevegen på toppen av ein grusrygg 60-70 m VNV for 16. 13 m i tvm., 1 1/2 m høg med tunnt jorddekke. Plyndra med ei 2 m brei sjakt frå O og med eit stort søkk i midten. Sjakta er delvis attfyllt. 20. Røys 30 m VSV for 19 på toppen av grusryggen, mykje omrota og har søkk i midten. Truleg 7-8 m i tvm., 1/2 m høg."