Frå Per Fett: "1. Røys (Sh 113) var låg og skadd i kantane i 1904. Mellom steinane låg B 7694. 2. Røys (Sh 114), ligg under låvebrua på bnr. 3. 10-12 m i tvm., 1 m høg, bygd av småstein og sterkt jordblanda. Utgraven 1924 (Johs. Bøe). På haugbotnen var ein kolflekk, der var kolblanda jord og spor etter eld på staden. Grav 1 var ei samling brende bein utan kol, som låg mellom steinane på botnen 2 m S for midten. Der var ikkje påviselege spor etter kiste eller urne. I beindungen låg B 7633 I. Grav 2 låg litt over botnen midt i haugen, sakene låg fritt mellom steinane. B 7633 II. 3. Røys ligg tett NV for 4 på bnr. 13 (Sh 115), 8-9 m i tvm., 1 m høg, med tynn torv på. Visstnok urørd. 4. Røys (Sh 116) ligg tett N for stova på bnr. 13, 30 m SO for 2, nå 16 og 18 m. i tvm., 1,75 m høg, bygd som tørr røys, med tynn grastorv på og store tre. Litt skadd i kanten i OSO og NV og hadde før eit søkk like N for toppen, men dette er nå attfyllt. 50-100 m austover frå 4 ligg 12 mindre røysar, dei fleste på 5 m tvm., eller under og høgst 1/2 m høge, to er 7 m i tvm. Sjå kroki i arkivet, her tar vi berre ut: 6. Steinlegging, visstnok firsidig, 3 1/2 x 2 m O-V, av jamn halvstor stein. Ho er heilt låg, overvaksen og ugrei å fylgje. 8. Steinlegging ligg litt inn over austre kant på ei røys. Ho er 5 m i tvm., bygd som ein låg voll rundt kanten, tett brulagd inni i plan med bakken."