Det er påvist rundt 20 strukturar innan lokaliteten. Det var i hovudsak stolpehol og kokegroper, men også fleire spor etter jordbruksaktivitet. Lengst vest i det undersøkte området vart det dokumentert ein dyrkingsprofil der det eldste åkerlaget vart datert til BC 375-200, førromersk jarnalder. Her var dessutan ardspor i botnen av sjakta. Aust i området er det påvist ardspor, 11 stolpehol og tre kokegroper, i tillegg til tre strukturar med noko meir usikker tolking.