Beskrivelse fra lokalitet:
Sjakt X målte 37 x 2,5 meter, og var orientert NNV-SSA. Det vart registrert 12 anlegg: stolpehol, kulturlag, dyrkingslag og veggrillar. I tillegg vart det på heile den avdekka flata funne steinartefaktar. Her var altså spor etter busetting frå fleire periodar: steinalder og bronse-/jernalder. Området er forstyrra av fylkesvegen, og ein låg vegskjering aust for denne. Elles er undergrunnen i mindre grad forstyrra av moderne gardsdrift. Den eine veggrillen vart datert til tidsrommet 405 - 205 f. Kr., dvs. førromersk jernalder. Steinartefaktane kan dateras til tidleg seinmesolitikum, dvs. siste perioden av eldre steinalder (omlag 6300 - 4000 f. Kr.).
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Datering det var og funnet steinalderaterfakter fra senmesolitisk tid