Kyrkjegardsmur påvist ved registrering. I sjakt II og III er breidda mellom 1,7 meter og 2,5 meter. Ein stor del av muren, vel 60 meter, vart seinare påvist ved bruk av georadar i NA og NV. Over 30 graver vart også rensa fram. Ei grav vart snitta med funn av ei blå glasperle. Yngre jernalders type og form. Korvidt dette er ei gravgåve eller ikkje, er umogeleg å sei, ligg mellom 4 og 6 cm djupt (total djupn på strukturen i snittet var vèl 8 cm) i hovudenden av grava, så den bør reknast for eit ”in situ” funn. Det vart også påvist fleire naglar innanfor kyrkjegardsområdet utan at dei sikkert kan relaterast til gravene som del av kister. Det vart også påvist ei rekkje steinheller i massane. Desse såg ikkje ut til å vera tilhogd.