Erosjonsflate på ca 15 x 35 m i reguleringssona ved Eidesvatnet. Lokaliteten er avgrensa av berg/bratt skråning i N og av ein liten holme i S. I V går det ein bratt skrent ned mot vatnet. Flata der lokaliteten ligg hellar svakt ut i Eidesvatnet i A. Funna var gjort i overflata over eit større område. Det vart ikkje teke prøvestikk på lokaliteten. Det er ingen drag ned mot lokaliteten. Heile lokaliteten ligg under vatn ved normal vannstand.