Erosjonsflate på ca 20 x 35 m i reguleringssona ved Eidesvatnet. Lokaliteten er delvis avgrensa av skråning i N. Avgrensa på grunnlag av utstrekninga av sand- og grusavsetningane. Det kjem eit lite drag ned i frå N, og lokaliteten kan strekke seg opp i dette draget. Flata der lokaliteten ligg hellar svakt ut i Eidesvatnet i S. Funna vart gjort i overflata over eit større område. Det vart ikkje teke prøvestikk på lokaliteten.