Sjølve funnstaden er ein flate vendt mot aust og Gassevågen. Det vart tatt fem prøvestikk på flaten, der tre var funnførande. Lokaliteten vert del av eit våtare myrdrag som leier ut mot vatnet. Lokaliteten strekker seg vel 30 meter i nord-sør retning og får eit stort potensielt areal. Funnstaden er vel 150 kvadratmeter stor. Funnmengda i prøvestikka tyder likevel på at lokaliteten kan vera mindre. Lagdelinga viser først eit vel 15 cm tjukt lag med røter og delvis omdanna organisk materiale. Under dette kjem eit lag med torvjord mykje blanda med trekol, dette laget er og det funnførande laget. Under dette eit lag med rustbrun grus vel 35 cm tjukt. Dette laget var ikkje funnførande.