Lokaliteten ligg på ei markert hylle i landskapet. Her er ein naturleg flate med tjukke strandavsetningar. På staden er det fuktig grunn, då draget dannar eit naturleg avsig frå flatane lenger opp. Draget er vel 5 meter breitt og mellom 15 og 20 meter langt. I nord er den avgrensa opp mot Førlandsvågen 1 av funntomt prøvestikk. Lokaliteten ser ut til å ha mest funn i øvre del av draget og får ei utstrekning på i underkant av 100 kvadratmeter. I aust er lokaliteten avgrensa av ein 10 meter høg bergkolle. Stratigrafien på funnstaden er delt mellom eit torv-/rotlag. Dette laget heng mykje saman med eit sandlag under torva. Torva og sandlaget er vel 15 cm tjukt. Under dette er det eit mørkt lag av sand. Laget gjev inntrykk av å innehalde trekol, men solding viser at det er oske som gjev laget farge. Dette laget er vel 10 cm tjukt, med ein gradvis lysare tendens i botn. Under dette er eit sandfarga lag ned til botn i avsetningane. Laget varierer i farge frå grågult til raudgult i dei forskjellige prøvestikka. Ned mot botn er det eit lag med gråleire, grus og større stein. Funna er gjorde i laget under torvlaget i tillegg også laget under dette. Spreiinga vertikalt kan vise at lokaliteten har vore brukt over lengeer tid. Lag 2 ber slik preg av å vera kulturlag, med organiske avsetningar. Funn er likevel gjort i underkant av dette laget, i lag 3 der ein ikkje har spor av synlege organiske avsetningar. Funna deler seg vertikalt på vel 20 cm, frå like under torva og nedover.