Lokaliteten utgjer fem identifiserbare hovudkomponentar: først har ein eit hardpakka lag med noko stein og trekol, dinest eit noko markert svart lag med finpulverisert trekol, i tillegg er her restar etter steinrøyser, ein eldstad og eit lag med trekol. Eldstaden ligg som einaste påvislege konstruksjon på staden. Den er lokalisert på toppen av kollen, der terrenget igjen flatar ut. Eldstaden er rund, om lag ein meter i tverrmål og i alt 10-15 cm djup. Det var noko eldskåren stein i strukturen, men ingen synlege steinkonstruksjonar. Eldstaden var grave ned i undergrunnen. C14-datering av eldstaden gav verdien 1810 +/- 100 BP. Røysane ligg godt under jorddekket og gjev slik inntrykk av å vera gamle. Dei er om lag 3 ganger 4 meter, og har ingen spor etter medvite påviselege konstruksjonar av kammar e.l.