Det funnførande området er ikkje større enn vel 100 kvadratmeter og er avgrensa av mindre bergknausar. Det er tatt tre prøvestikk på flaten der eit gav funn av flint og kvarts. I dei andre prøvestikka er det påvist eit markert kollag som truleg har samanheng med funna i prøvestikk 1, då trekol også førekjem her men då ikkje som eige lag. Det er tidlegare registrert ein lokalitet i området der det er tatt to prøvestikk som gav funn av to flintavslag (Lok. 2). Denne lokaliteten var ved kontroll i oktober 1997 ikkje råd å finne att. Truleg er den ein del av lokalitet 1 utan at dette var råd å finne ut av ved registreringa i oktober. Prøvestikka viste at torvlaget er jamt tjukt over heile flaten. Under dette kjem det i prøvestikk 1 eit lag med jord og sand. Spreidde trekolbitar finnes i dette laget. I prøvestikk nummer 2 kjem først eit 5 cm tjukt jordlag og under dette eit markert trekolhaldig lag, vel 3 cm tjukt. Dette laget inneheld større trekolbitar. Under dette eit lag med jord og sand, utan trekol. I prøvestikk nummer 3 har ein eit grå-svart lag av sand; konsistensen minner om eit utvaskingslag. Under dette får ein eit lag med jord og sand. Funna av steinartefaktar er her kanskje misvisande, då det er registrert ein mogleg steinalderlokalitet noko sørvest for lok. 1. Staden representerer truleg ein busetningsfase frå denne tida. Området ligg midt inne på øya og er relativt lett tilgjengeleg.