Lokaliteten er påvist gjennom eit prøvestikk på flaten. Flaten er vel 100 kvadratmeter stor og er naturleg avgrensa av skrentar i nordvest, nord og vest. I vest ligg ein høgare bergkolle som gjev god ly for vestavinden. Lagdelinga i prøvestikket var noko vanskeleg å observere då den tette granskogen gav lite lys. Avsetningane var noko grunnare enn på lokalitetane lenger nord og søraust. Lausmassen var finkorna sand, gråleg på farge. Like under rotlaget fekk ein eit klart markert utvaskingslag. Flaten har truleg vore dyrka i nyare tid.