Flaten ligg inne i ei grop i terrenget der ein har naturlege avgrensingar mot nordvest og vest. Nordre og austre del er oppmura og denne delen har slik fått ein flatare karakter enn det topografien vil tilseie. Det er tatt 4 funnførande prøvestikk i området, noko som visar at lokaliteten dekker heile arealet på vel 300 kvadratmeter. Det er ikkje synlege nokon konstruksjon i overflata som kan knytast til lokaliteten. I prøvestikka vart det påvist eit svært funnrikt kulturlag. Lagdelinga viser først eit lag med torv og dyrkingsjord; dette er vel 20 cm tjukt. Under dette kjem eit tjukt kulturlag som særleg i prøvestikk 2, 3 og 4 er markert. I prøvestikk 2 er kulturlaget vel 55 cm tjukt. I prøvestikk 3 og 4 høvesvis 35 og 45 cm. I prøvestikk 1 er det kolhaldige laget vel 5 cm tjukt og ein har her truleg ein ytterkant av lokaliteten. Øvre del av kulturlaget er nok noko omrota av dyrking, noko som prøvestikk 4 kan vise gjennom at det er funn i lag 2 som er gamal åkerjord. Ved prøvestikk 2 og 3 er likevel laget av torv og matjord så tjukt at ein har minimale forstyrringar. Åkeren ser ut til å ha vore attlagd i vel 30-40 år.