Flaten er naturleg avgrensa i nord og aust gjennom ein bratt fjellskrent. I sør er det ein overgang til bakken nedanfor som kan danne ein topografisk avgrensing av lokalitetsområdet. Området får slik ein storleik på vel 150 kvadratmeter. Jamføring med data frå registreringa til Bergsvik i 1988 kan dette vera ein del av lokalitet B14513, men denne ligg vel 10 meter lenger vest og noko lågare. Det er tatt to prøvestikk på flaten og begge har gjeve ein tredelt lagdeling. Rett under torva er det observert eit relativt plastisk lag av mørk fuktig jord - trekolhaldig. Dette laget er vel 20 cm tjukt. Under dette er eit brungrått sandlag som ikkje er funnførande. Det mørke trekolhaldige laget i prøvestikka kan ut i frå funna sjåast på som eit kulturlag. I det funnførande prøvestikket frå registreringane i 1988 er det rapportert (Bergsvik 1991:116) om at funnførande lag er grus.