Grunnflata er vel 15-20 kvadratmeter. Høgda over havet er vel 10 meter og draget ender ut i eit austvendt drag som skrår nesten heilt ned i Toskasundet. Avstandane bort til tomtene på bruk 83 og 84 er vel 100 meter nokolunde rett vest. I sørvest er det vel 150 meter bort til den gamle skulestova på øya. På flata er det tatt eit funnførande prøvestikk. Det vart også her påvist eit lag med trekol og brent hasselnøttskal som kan tolkast som eit mogleg kulturlag. Lokaliteten vart først tolka som ein eigen lokalitet, men nærleiken og råstoffa som finnes på lokaliteten gjer det mogleg å sjå funnstaden (lok. 1 og lok. 2) som den av ein større lokalitet. Funnstaden har ein meir komplisert stratigrafi i høve til lokalitet 1. Her har ein eit vel 10 cm tjukt torvlag. Under dette har ein igjen eit vel 10 cm tjukt lag av brun jord. Under dette er eit vel 5 cm tjukt lag av sand og jord, mørkt på farge på grunn av trekol i massen. Dette laget er også funnførande. Under dette eit lag med sand og grus, som ikkje er funnførande.