• 91030-1

    id
    • 91030-1
    datafangstdato
    • 1997-06-09T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-04-06T13:00:39Z
    informasjon
    • Flaten som lokaliteten ligg på ligg i ein slak skrånande bakke vendt mot nordvest. I draget synest dyrkingslaget vera konsentrert til den sørlege kanten, der laget er markert tjukkast og forsvinn heil på nordsida. Dyrkingslaget er opp til 50 cm tjukk svært kolhaldig jord og sandblanda lag. Dette laget finnest i fleire prøvestikk i ein utstrekning på om lag 40 x 10 meter, nord-søraustleg retning. Lagdelinga i prøvestikk 3 viser at det kolhaldige laget er delt i fire ulike lag; lag 1 er eit torv- og jordlag. Under dette har ein eit svart lag med sand og grus (lag 2). Lag 3 er ei klart markert linse eller lag med trekol på vel 1-3 cm. Lag 4 har igjen den same konsistens og farge som lag 2, og er vel 20-22 cm tjukt. Lag 5 er eit brunt sandlag som og inneheld noko trekol. Ut i frå dei stratigrafiske tilhøva er det vanskeleg å avgjere om dyrkingslaget er resultat av nyare tids jordbruksverksemd eller om det kan knytast til førhistorisk aktivitet. Det er tatt ut to trekolprøver frå profilen (lag 2 og lag 4).
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 91030-1
    lokalId
    • 91030-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217