Lokalitetsområdet ligg i nordre helvta av det flate partiet. Her er det i nordvestre kant ein bergknaus som avgrensar lokaliteten mot nord. I vest skrånar terrenget opp mot flaten og mot draget i nordvest. Mot nord skrånar terrenget mykje og dannar slik ein topografisk grense av lokalitetsområdet. I aust er det ein vel 30 meter høg bergkolle som dannar ein naturleg buffer mot aust.Funnområdet får ut frå serien med prøvestikk ein relativt stor utstrekning. I aust-vest retninga dekkjer funnførande prøvestikk heile flaten. I nord-sør retning vert utstrekninga vel 15 meter frå nord og ut på flaten. Utstrekninga på det funnførande området får slik ein storleik på mellom 450-500 m2. Lagdelinga vil på ein slik flate variere mykje ut i fra lokale tilhøve og aktivitetar. Vestre del av flaten har ein noko fuktig karakter der ein har eit topplag av fuktig torv/torvmose. Dette laget varierar frå 15-30 cm i tjukne. Under dette får ein eit lag der torv sand og noko grus er blanda. Lag 2 varierar mellom 6 og 12 cm. Lag 3 er samansett av gråbrun sand med noko småstein i. Lag 3 varierar frå 25 cm i prøvestikk 4 til 6 cm i prøvestikk 5. I prøvestikk 5 har ein under dette eit særs trekolhaldig lag på vel 5 cm tjukne. I feltet i austre del er lagdelinga noko ulik frå den i vest. Grunnen her er mykje tørrare, slik at ein her har tørr torv i øvste lag. Dette varierer mellom 8 cm i prøvestikk 10 til over 20 cm i prøvestikk 3. Under dette kjem det i prøvestikk 3 fram eit særs kompakt lag med trekol. Laget har store trekolbitar. Dette laget er ikkje synleg i prøvestikka 9 og 10. Her er det eit 10-20 cm tjukt lag med sand og jord. I prøvestikk 10 får ein eit lag av torvjord/stein under dette. Lag 3 i prøvestikk 3 er her ei tett steinpakning av nevestor stein. Innimellom desse er det oskeblanda sand. Dette laget går vel 40 cm ned. Steinpakninga er ikkje observert andre stader på flaten, og ein kan slik ha kome bort i ei eller anna form for konstruksjon. Deler av lokaliteten er øydelagt av tidlegare anleggsarbeid i samband med nedgraving av vassleidning til Toska. Ei vel 5 meter brei sjakt er grave mest langsetter draget og har slik forstyrra ein vel 100-150 m2 stor del av funnstaden. Det vart tatt ut trekolprøvar frå prøvestikk 3 og 5. Desse er datert til 2400+/-50 BP (overgang YBA/FR) og 3810+/-80 BP (MNB/SN), medan funnmateriale som rhyolitt og ein dråpeforma flateretusjert kvartsittspiss, indikerer bruk både i TN og BA.