• 91049-1

    id
    • 91049-1
    datafangstdato
    • 1997-09-26T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2005-04-07T13:44:32Z
    informasjon
    • Funnstaden ligg lengst nord på flaten. Her er i dag noko tørrare enn den sørlege delen av flaten. Midt i draget går det ein bekk som i dag delvis er oppgravd og steinsett. Funnstaden er relativt vid og er delt av bekken, som nok er eit naturleg bekkefar som opprinneleg har vore her. I nordre del av lokaliteten er det ein vel 10 meter høg knaus. Denne fortset mot aust, men då som ein voll i terrenget. I vest er mykje vidare og prega av fleire drag mot vest. Lokaliteten synest ha vore plassert ved foten av desse draga. Lagdelinga på den turraste delen av lokaliteten viser at ein har hatt noko dyrkingsaktivitet på staden. Denne synest vera avgrensa til overflatedyrking som ikkje har gått særleg gjennom torvlaget. Lagdelinga varierar noko frå prøvestikk til prøvestikk. I prøvestikk 1 er torva vel 15 cm tjukk. Dette laget ligg oppå eit lag med matjord. Under dette får ein sandlag blanda med trekol og oske. Dette laget er funnførande, og det er rimeleg å sjå dette som eit kulturlag. Under dette kjem det eit lag med lysgul/brun sand, vel 15 cm ned til steingrunn. I prøvestikk 2 manglar matjordlaget, og kulturlaget vert her synleg like under torvlaget. Prøvestikk 3 viser eit brunt sand- og grushaldig lag under torva, med eit tynt kolhaldig lag under dette. Felles er at funna er gjort i nedre kant av lag 1 (ps 2) og lag 2 (ps 1 og 3), i kollaget og i overkant av laget under. Prøvestikk 4 og 5 viser ein annan lagdeling der ein manglar kollaget og der massen ser ut til å vera meir prega av oppdyrking.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 91049-1
    lokalId
    • 91049-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217